Forelska seg og flytta bedrift, Firda
Sogn turlag på Kajakktur i Solund, reportasje fra Sogn turlag
Solund- vakrast i verda! 07.09.10 Marino J. Ask
Solund- vakrast i verda!
- var mine ord etter ei kajakkoppleving av dei sjeldne i 2008. Den august- helga gjekk turen til Storsundet nord av Hjønnevåg, ytst i Ytre Sula. Overskrifta kan eg like gjerne nytte om att.
Øyriket lengst vest i Norge er ein fryd å skue i det vi ser Sognesjøen blenkje i kveldssola. Krakhellenipa, Ulvegreina og langt ut i sørvest Tungodden. Målet i kveld er Råkeneset DNT- hytte. Godt gøymt mellom knausar og lyng ligg hytta i Råkesundet nord om Hardbakke. Vi padlar stille ut Råkepollen, rundar neset og sig inn i Solvika. Skinet frå ei raud- gul kveldssol speglar seg i vindauga på den 250 år gamle stova.
Laurdag morgon er det eit sørleg vinddrag. Det gjev fin bør nordover Råkesundet. Vi sig mellom holmar og rabbar med utsikt til fjellområdet Fonnaheia i aust. Frå Pollen sør i Solund er det ein fin tur opp til Pollatinden, og vidare nordover Fonnaheia mot Drengenes. Hytta på Råkeneset ligg midt i dette flotte fjell- og fjordlandskapet. Jamne åretak dreg oss nord og ut i Lågøyfjorden. Hurtigruta sig langsamt mot Ytre Steinsund i det vi kjenner hav- dønningane løftar oss varsamt opp og ned. Nokre av skjæra innbyr til kajakk- moro. ”Bølgjekreftene” arbeider under oss. Opp etter taren, varsamt ned att. So med eit kjem den ”sjuande” båra, litt større ein dei førre. Større krefter, sjøen fossar opp mot berget.
Humøret er det lite å sei på, når vi gjer strandhogg på Drengenes.
I det vi sig ut Lågøyfjorden kjem solgangsbrisen. Lett medstraums ber det nordover mot Tverangsskjer. Vi rundar seglingsmerket og legg kursen mot Lågøy. Vind og tidevatn beint i mot gjev heller dårleg bør. Ei fin ”uthamn” med utsikt til storhavet er høveleg stopp før vi kursar mot Råke. Ein leiken oter kjem opp av vatnet berre meter frå oss.
Etter ein laurdagstur på heile 25 km er naturleg nok turmålet dagen etter tema ved middagsbordet.
Morgonlyset sundag gjev bod om ein dag av dei sjeldne. Ei kryssing nordvest til Gåsvær er kanskje innan rekkevidde, sjølv om turen vil gå i heilt ope hav. Mellom lyngkledde knausar sig vi tidleg vestover mot Færøy og sørspissen av Lågøy. Etter ei rask rådslaging vert vi samde om å legge kurs mot Gåsvær. Vi skimtar seglingsmerke nord av Oddekalven forsvinn bak oss når vi møter storhavet.
Lyset, landskapet og havet som funklar i sola. Utsikt og opplevinga er verkeleg av det sjeldne. Alden, Bulandet, Blegja (1305 moh) og Storehesten. Lihesten, Atløyna og Batalden langt der nord.
Varsamt glir vi over nokre fluer i det Gåsvær ”veks” i storleik. Havblikk mest heilt til Utvær. Nokre seglingsmerke undervegs fortel at her er vegen til trygg hamn. Det treng vi knapt tenkje på i dag. Lunsj nyt vi i solsteiken vel inne i den idylliske hamna på Gåsvær. Turen attende mot hovud- øyane openbêr Solund- landskapet i all sin velde. Høgfjell som strekkjer seg over 500 høgdemeter her vest i havet. Hågøy, Steinsundøy og Pollatinden. Lågøystolane og vene Færøy med sin katedral. Turen går innom Litle Færøy før Råke kjem til syne under Pollatinden sin steile vestvegg