Naturen

Der fjorden møter havet ligg Solund, utanfor munningen av Sognefjorden, og Norges vestlegaste kommune.

Karakteristisk for kommunen er det høgfjell liknande, opne landskapet, og den karrige vegetasjonen grunna den næringsfattige og heilt spesielle bergarten konglomerat. På tross av at  du gjerne ikkje er geolog vil du garantert bli interessert i å studere denne bergarten nærare, og bli fasinert av dei mange frittliggande steinane i landskapet skapt frå istida .

Lengst aust i kommunen finn du områder med gammal kystfuru og lauvskog. Krakksfjellet er eit slikt område,  definert som ein av dei minst påverka kystfuruskogane på Vestlandet. (området har vanskeleg tilgjenge) Dominansen av lyng-vegetasjon pregar heile kommunen, med unnatak av enkelte øyar lengst vest ut mot havet. Der har det rike fuglelivet gjennom tidene gjødsla bakkane, og laga grunnlag for ein unik fargerik blomstring på forsommeren. Fleire  av desse øyane er verneområder for sjøfugl, og der er restriksjonar for ilandstigning delar av året. Du kan oppleve å sjå fleire av desse områda ganske nært, om du tek dei lokale rutebåtane. Solund består av tilsaman 1700 øyar og skjær, så du har mange å velge i mellom tross restriksjonar for nokon.

Sjøfuglbestanden har gått nedover også i Solund, og det er viktig at vi tek hensyn til naturen.

Havørna derimot, har vore i stor vekst i vårt område dei seinare åra. Du vil garantert sjå henne om du tek ein liten rundtur i kommunen, og den hekkar fleire stader. Kongeørn er her også, men litt meir sjelden.


Det milde kyst-klimaet gjer at hjorten klarer seg bra her, du ser den gjerne langs vegen. Den er ein dyktig svømmer, så bli ikkje overraska over å treffe den på øyane også. Mange av jaktløyva vert solgt til jegarar utanfor kommunen, og det er populært område å jakte i.

Villsauen (ein utegangarsau som nokon eig) vil du sjå mange stader. Mindre flokkar kan vere like spake som vanlege sauer, men dei største flokkane, t.d. den på Hågøy er ikkje vand til mykje kontakt med folk og det kan vere ein stri jobb med å få samla dei. Det skjer 2 gonger i året, for klipping, merking av lam, behandling for flott og i starten av oktober vert slaktedyra sortert ut. Frivillege blir gjerne med !


Ein langvarig beitetradisjon med sau har prega landskapet mange stader i kommunen.Tradisjonen med lyngbrenning på ettervinteren blir framleis halden i hevd, og resultatet av dette gjev oss eit fint turterreng utan for mykje vegetasjon. Kystlynghei er faktisk ein trua landskapstype i europeisk målestokk. Blomstringa av lyngplantene er på ettersommeren, den lilla purpur lyngen kjem først, røsslyngen litt seinare. Den mindre klokkelyngen finn du og innimellom dei andre. Dei rosa og lilla fargane mot dei grå berga blir til eit kunstverk du berre må beundre. 

Birøktarar frå andre stader av fylket flyttar gjerne bikubene sine til Solund, for å få lynghonning på ettersommaren.

Er du spesiellt interessert i biologi kan du finne mykje spennande i kommunen. I offisielle registreringar er det gjort fleire sjeldne funn av ulike soppartar .

På forsommeren, frå ca. 20.mai-20.juni, kan du på Gåsvær sjå blomstringa til den sjeldne, viltveksande planten Kystblåstjerne (Tractema verna). Planten veks nokre få stader på norskekysten frå Karmøy til Sunnmøre, og førekomsten på Gåsvær er blandt den rikaste i Norge. Kalla berre Blåstjerne lokalt.


Oteren treff du gjerne om du brukar kajakk, då kan du komme overraskande på den. Den har ein spesiell lyd, du høyrer den først gjerne utan å sjå den (kan likne på ein fugl). Du kan lett sjå spor i terrenget der den held seg, den har eigne ”vegar”. I snøen på vinteren kan du sjå der den har vore ute på ”aketur”, det er ikkje tull at den har evne til å leike seg. Den var lenge utryddingstrua men ser no ut til å ha ein gledeleg stor bestand, i alle fall i Solund. Vi synest alle den er fornøyeleg.