Kajakk

IMG_7773

Padletur fra Råkeneset – Hågøy rundt med innlagt topptur.

Padletur på ca. 11 km.

Ca 4 timar padling.

Innlagt fottur til toppen av Hågøy ca. 1, 5 time.

Viktig å ta omsyn til vindretning.  Legg opp turen slik at siste etappe vert i medvind og ikkje motsett.


Slik kjem du til Råkeneset.

Du køyrer ca 20 km frå Krakhella og tar av vegen til høgre mot Strand/Avløyp, 1 km før du er på sjølve Hardbakke.

Du følgjer vegen mot Strand  4,4 km. Der står skilt til Råkeneset på venstre hand. Der er parkeringsplass til fleire bilar langs vegen og kort å bere kajakkane ned til ei lita strand.


Sjølve turen

Utgangspunktet for padleturen ligg inni ei nesten lukka bukt som ligg godt beskytta mot vind. Turen går ut i Råkesundet og nordover sundet. Etter vel 1 km  har du passert Langøya vest for deg og du får den mektige Hågøyna i baugen på vestsida av sundet.

Ca 800 m etter at du har passert Langøya får du Nordre Leirvika på venstre hand. Der er det ei strand med gode landingsforhold for kajakk. Nordre Leirvika er også eit ypparleg utgangspunkt for ein tur på toppen av øya, 180 m.o.h.

Derfrå har du ein panorama utsikt over havet og øyriket frå Utvær i sørvest til Færøy og Buskøy i nord. Mot aust har du den steile og like imponerande fjellveggen som går nordover langs heile sundet.

Du vil truleg også møte på  villsau som beitar på øya. Sauene er av rasen villsau eller gamalnorsk kystsau og eigentleg ikkje ville. Dei er av same sauen som vikingane i si tid spant og vov ull av, til blant anna klede og segl på båtane sine. 

Du vil truleg også legge merke til at øya er skjøtt etter eldgamle metodar gjennom lyngsviing og heilårsbeiting.  

Vel nede i kajakkane går turen vidare nordover sundet.  Du held langs Hågøyna og passerer tre mindre holmar. Vidare kjem du inn i Håsundet og har no meir kurs mot nordvest. Du har då fått Hågøykalven på di høgre side.  

Vel ute av sundet dukkar det opp ein landingsplass for litt større båtar. Denne vert brukt under klypping  og ved frakt av sau til og frå Hågøyna.   

I det du når nordspissen av Hågøyna og set kursen mot sør igjen, er du inne i Lågøysundet. I dette sundet er ein del nord og sørgåande trafikk, sjølv om dei større båtane går lenger vest i gjennom Ytre Steinsund og vest av Lågøy.

Her hekkar elles havørn i området. Det var rart om du ikkje skulle få eit glimt av ho  på veg ut i havet eller inn att med mat.

Vi anbefaler at du held deg innunder vestveggen til Hågøyna sørover sundet og er du ute i juli, vil du sjå den vakre purpurlyngen blomstre flekkvis i veggen.

I det du rundar sørenden av Hågøyna, set du over sundet mot aust til nordspissen av Hogneskjela og rundar ho. Du får så Langøyna i baugen,  passerer sør for ho og vidare over Råkesundet via skjeret nord for Henrikholmen.

God tur!