Høydepunkter

I Dronning Sonjas Fotspor


Fjelltur på Pollatinden, båttur til Gåsvær og Utvær

INFORMASJON
Då Dronning Sonja var på tur med kongeskipet sommaren 2009 var ho blant anna i Solundskjergarden.  Som den fjellvande dronninga ho er vart det sjølvsagt ein topptur og valet vart Pollatinden. Seinare var ho på vitjing på Utvær der det heldigvis var folk som kunne ta henne med opp i fyrtårnet på omvisning. På Gåsvær gjorde ho strandhogg ein sein sommarkveld og fekk omvisning der.
Dersom du vil ta turen ”I Dronning Sonjas Fotspor” kan du ta den 90 min lange turen opp på Pollatinden der du får ei fantastisk utsikt frå fjellet som har vorte kalla den finaste plassen i Noreg  av reisevande.
Båtturen til Gåsvær, som er eit livskraftig ekte samfunn langt til havs, kan du ta fra Hardbakke. På vegen til Gåsvær fær du innom mange småplassar og trange sund på ruta.
Til Utvær, Norges vestligaste øy, reiser du og med båt frå Hardbakke. Lenger vest kan du ikkje komme i kongeriket så dette er ein opplevelse. Det var bl.a.frå Utvær vikingane samla seg før dei sette over Nordsjøen til landa i vest på tokt.
Denne rundturen er so innhaldsrik at du ikkje klarer dette på ein dag, men må bruke to eller tre dagar.

POLLATINDEN...
Turen til Pollatinden starter ved Pollen ca 4,5 km frå Hardbakke. Dersom du har bil må du parkere den på utkjørsler i nærheita av startpunktet som er merka  med skilt til ”Pollatind”. Stien er merka med vardar. Ta med ekstra klede og hugs fotoapparat. Det kan og være lurt å ta med ein nistepakke til kvila på toppen. Mer informasjon under Fotturer.


LITT OM UTVÆR

Lenger mot vest er det ikkje mogleg å reise i Noreg dersom du skal ha fast grunn under føtene. Det er ikkje fastbuande på Utvær i dag, men om sommaren er det eit yrande liv i alle husa. Utvær fyrstasjon ble bygd i 1900, sist endra i 1952 og har vore radiofyr fra 1954. Under andre verdenskrig vart fyret i 1945 sterkt skada i flyangrep, og det 31 meter høge støypejernstårnet fekk nytt lyktehus i 1948

I middelalderen var det eit kapell sør for eksisterande busetnad. Det er noko uvisst når kapellet vart bygd. Dei fyrste skriftlege kjelder som nemner kapellet, er Bjørgynar Kalveskinn frå 1320.

På det meste budde mellom 200 og 300 menneske i det vesle øysamfunnet. Dei levde i av fiskeri, og budde eigentleg midt i matfatet. Frå Utvær er det berre drygt 200 nautiske mil til Shetlandsøyane. Her slipte vikingane knivane og øksene sine på sin veg i viking. Dette ser ein framleis tydlege spor av i berget .

I  dag fins det ein del av Nordsjøløypa på Utvær, det er ein fin spasertur,  den går litt utanom husklyngene, over moloen i nord og mot fyret. Kart på kaia og godt merka sti.

Dersom du vil opp i tårnet må dette avtalast på  førehand, med skyssbåt førarane eller væreigaren. Hugs å ta med ekstra klede på denne turen.


LITT OM GÅSVÆR….

Gåsvær er ei av dei ytste øyane i Nordsula, og ligg vest i havet mellom Lågøyfjorden og Gåsværosen. Gåsvær ligg lagleg til fiskefelta, og har truleg hatt handel lenge før bergensaren Jørgen Petter Møller fekk handelsprivileium i 1755.

I 1760 kjøpte systersonen Vilhelm Lexau både kremmarleia på Husøy og Gåsvær. I 1767 fekk han løyve til å drive gjestgiveri og skjenkestove i Gåsvær i tillegg til handel

Sidan har folket livnært seg med fiske og jordbruk. Den eldste bygningsdelen på det særmerkte hovudhuset er frå 1700-talet. Eit anna hus har bøygde takbjelkar og skal vere bygd av tømmer frå ei forlist seglskute. Det gamle fiskeværet vert i dag også drive som feriesenter under namnet Gåsvær Fiskeferie. Anne Marie driv og gard der i dag.

Fiskeria har alltid vore viktige på Gåsvær, og i dag vert det drive rederiverksemd frå Gåsvær, alt frå sjark til kystnotbåtar og hurtigbåtrederi. I ”gamlehuset” er det ein museumsavdeling der ein rekkje gamle ting som er relatert til staden er utstilt. Går du opp på haugen får du god utsikt over alle skjæra vestover mot storhavet. Ein stormdag er dette eit syn ein seint vil gløyme. Anne Mari sel av og til lappekaker og kaffi på bua