Fotturer

Nordsjøløypa Ytre Solund

o    Gamal vandringsveg mellom grendene

o    Går frå Ytrøy til Hjønnevåg og Straumen

o    Flott  tur i kystmiljø, ca 4 timar

o    Utsikt over storhavet

o    Turen kan delast opp i kortare etapper.

o    Turistinformasjon Solund 908 82 860   

INFORMASJON
Turen i Nordsjøløypa Ytre Solund viser deg det beste av kystnatur nær storhavet. Du kan gå frå Ytrøygrend i nord, mot Hjønnevåg og vidare til Straumen i sør. Løypa er merka. Turen frå Ytrøy mot Hjønnevåg tek ca 3 timar i moderat tempo.
Turen er variert i småkupert terreng. Dette er den gamle vandringsvegen mellom grendene når havet ikkje var farbart  med båt på grunn av uvær. Mange plasser på turen får du eit flott utsyn over Straumsfjorden og storhavet i vest. Siste delen av turen til Hjønnevåg går langs bilvegen. I søre Hjønnevåg går turen atter inn i utmarka og i relativt flatt terreng tek det ein time til kyrkja i Straumen. Dersom du vil ta ein avstikker til Sperrefjellet rett sør for Ytrøy er det mogeleg på denne turen. Då får du endå betre utsikt vestover. Løypa kan sjølvsagt gåast i motsett retning alt etter kva som passer best.  Her som overalt elles i Solund  fins det namn på det meste langs løypa:  Janvatnet, pistefjellmyra, kroktjørna , britesteinen og så vidare. Ofte gjeve namn etter spesielle hendingar, utsjånad eller liknande.

Parkering: I Ytrøy kan du parkere ved det gamle skulehuset . I straumen er det parkeringsplass ved skulen og kyrkja. Ta med nistepakke og godt fottøy og ekstra klede/regntøy. I Ytrøy er det daglegvarehandel dersom du ynskjer noko med på turen .


Pollatinden

o Nest høgste fjellet i Solund, 541 m

o Skildra som ” det fineste stedet i Norge”

o Merka sti frå hovedvegen.

o Ca 1,5 timers tur opp i vanlig tempo.

o Utsikt over det meste av Solund.

o Flott steinvarde på toppen.

o Turistinformasjon Solund 908 82 860   

INFORMASJON
Pollatinden er det nest høgste fjellet i Solund, 541 moh. Turen opp går i frå hovedvegen  rett etter Pollen når du kjem frå Hardbakke. etter Ca 4.5 km . Det er merka skilt med ”Pollatind”
Turen opp går i jamnt terreng oppover, delvis i lyngmark og fjell. Vardar er sett opp langs løypa, nokre kan være litt vanskelege å sjå men stort sett går dette fint.  Etter ei stund vil du sjå innover Sognefjorden, og sørover mot Gulen.  Eit stykke på vegen opp går du på flotte svaberg, skura av isen i si tid.
Og så – plutseleg er du på toppen!
Då har du verkeleg fin utsikt over øyriket i alle retningar og langt til havs.  Ved normal gange har du brukt ca 1.5 time opp. På toppen kan du skrive deg inn i boka som ligg gøymt inne i varden. Denne varden er forøvrig eit flott motiv, for du har sjølvsagt hugsa på og ta med deg fotoapparat.
Ta elles med deg ekstra klede for dersom det er vind kan det være litt kaldt på toppen.
Ved toppen er det fleire fine plassar å finne ly for vinden og ta seg ein matbit fra nista som  du har hugsa på å ta med deg.


Sperrefjellet

o Flott utsiktspunkt over Ytre Solund

o Fjellet er 140 m.o.h.

o Merka sti frå hovedvegen.

o Gangavstand frå Haldorsneset (ca 2 km)

o Utsikt over storhavet.

o Turistinformasjon Solund 908 82 860

INFORMASJON
Sperrefjellet i Ytre Solund er ein flott tur, passeleg lang for born. Fjellet er 140 moh og gjev deg god utsikt vestover mot storhavet  og  også austover mot skipsleia i Ytre Steinsund. Stien opp er relativt lett stigning og går for det meste på fjellgrunn.
Når du er på toppen kan du og sjå Nordsjøløypa mellom Ytrøy og  Hjønnevåg. Dette er og ein fin tur, og som du kan ta deler av hvis du går ned på vestsida av fjellet.

Dersom du køyrer bil og vil parkere nær startpunktet ved hovedvegen må du parkere på utkjørsler i nærheita. Du kan og sette bilen på Daløy ferjekai og ta ferga over til Haldorsneset. Då er det ein spasertur på ca 2 km fram til startpunktet.

Ta med ekstra klede og evt regntøy. Det er daglegvare handel i Ytrøygrend nord for Sperrefjellet dersom du vil handle noko til turen.

Dersom du vil reise med båt  fra Hardbakke til Ytrøygrend og ta turen derifrå kan du reise kl 1100 fra Hardbakke og tilbake fra Ytrøygrend kl 1700. det blir då meir som ein dagstur. Hugs og fotoapparat.


Ravnenipa

• Fjellet er 230 m.o.h

• Ligg rett ved Hardbakke

• Flott tur for born.

• Merka sti fra sør og nord

• Utsikt over Hardbakke og Sognefjorden

• Turistinformasjon Solund 908 82 860   

INFORMASJON
Ravnenipa ligg rett over Hardbakke sentrum og er mykje brukt av lokalbefolkninga på grunn av si tilgjengelegheit og gode utsikt.
Turen opp kan du ta både frå sør og nord, men det er lettast å gå opp fra sør. På nordsida er det brattare oppstigning, som kan være litt glatt når det regnar. Det er merka med vardar heilt opp. Frå sør starter turen i byggefeltet Storehaugen ved idrettsbana, og i nord går du opp fra byggefeltet Brattelia.
Her får du eit godt oversyn av Hardbakke, Indre Steinsund og Liasundet. Sørover ser du heile Sognesjøen og nabokommunen Gulen, og i aust ser du langt innover Sognefjorden. På toppen er det bok som du kan skrive deg inn i om du vil.
Det kan være litt vind på toppen, så det er lurt å ta med litt ekstra klede og sjølvsagt fotoapparat
Eit tips; ein tur på toppen rett før sola går i havet ein sommarkveld er ”toppen av lukke og gjev ro i sjela”. 

PS. Ein avstikker til kystarboretet passer fint på tur ned att av fjellet……